søndag 19. oktober 2008

Søndagstur

I dag hadde Besten og Kristoffer køyre-time, lenge sidan sist. Til slutt vart eg invitert med dei på køyretur til Stigedalen. Veret var så lagleg at vi tok oss ein rask spasertur inn til Sagesætra.
Møtte LillleMø, gubben og Viktor som hadde gått heilt til Movatnet. Ser på yr.no at det blir mykje dårleg vér i veka som kjem, så det var bra at vi kom oss ut ein tur i dag. Bildet viser Bakkesætervatnet frå vestsida. Hadde ikkje med kamera, måtte derfor bruke mobilen, så det vart litt "malerisk". Besten fortel at det var ved denne gamle furua dei festa båten når han og faren skulle hente ryggsekkar og utstyr når dei var på fisketur innover dalen. Dei fekk låne ei hytte i austenden av vatnet og kunne vere der eit par tre dagar i slengen. Vatnet har grodd mykje til med siv sidan den tid, men fisken "hoppa" også dag.

4 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at de kom dokke på tur! Siv er det blitt meir av i elva og. Svigerfar seier det er fordi det er mindre is i elva no enn før. Den skjer visst vekk sivet... Veit ikkje korleis det verkar i vatn.

Besta sa...

Vi var mykje på Bakkesetra då vi var små. Har vore der eit par gongar i seinare tid også, sidan rektoren vår hadde hytte der. Har aldri vore lenger innover enn til Sagesetra. No er eg komen til det punktet at eg innser at skal eg komme eg til "fjells" må det skje med bil-men det går an det også-.Du har rett i at bildet ser ut som eit maleri; sjølv har eg ikkje lært meg å legge inn bilde frå mobilen. Må høyre med Olaug jr. neste gong ho er på besøk.

Hildegard sa...

Må visst ha ein usb-kabel? Eg sender bildet til e-mailadr. og kopierer til mappe for bilder, kostar litt, men pytt, pytt...
Eidabesta

Astrid Karin sa...

Vakkert bilde! Det ser ut som eit maleri..