onsdag 8. oktober 2008

Operette

Bildet er av hovedrolleinnehaver, tenor Kjell Magnus Sandve v/Den norske Opera og lokalt gutekor (10 - 13 år). Eit artig innslag, les meir i Fjordabladet/Eidaportalen.

I går kveld var eg og såg generalprøva på operetta "Hertuginna av Chicago". Skandinaviapremiere ved Opera Nordfjord! Var så heldig å få "gratis"billett av Strikkefar. Kort tid å bestemme seg på, så eg måtte gå åleine. Uhøgtideleg og koseleg, artistane var i kostyme og alt var nesten som på ordinær framsyning. Vakker og lett musikk, kjende operasongarar, lokalt kor og artistar, vakre lettkledde danserinner. Ein måtte berre bli i godt humør. Kan anbefalast.

2 kommentarer:

Besta sa...

Synest det er kjempeflott at Eid har sin eigen opera, slikt vekkjer oppsikt over heile landet.Det viser også det faktum at dei fekk eit bra beløp over statsbudsjettet.Eg likar opera, men eg liker ikkje å sitte i ro så lenge om gongen.Dt er fint at dei vekslar mellom litt "tunge" framsyningar og dei i ein litt lettare sjanger, som sikkert har eit større publikum.

solveig sa...

Ein kollega av meg skrytte voldsomt i dag. Det var ikkje nødvendig å reise til Oslo for å få store operaopplevingar!