mandag 16. juni 2008

Sagesetra

Sagesetra

Etter ei regntung veke, barnepass i helga og koseleg bursdag på Os i går kveld, tok vi oss ein tidleg morgontur i fineveret i dag. Køyrde opp på Tua og gjekk innover Fladalen (Stigedalen). Fin grusa trimveg innover, nydeleg natur og vakker fuglesong (Trur det må vere skjorene som tek knekken på småfuglane i villa-stroka). I dag er det avslutning m/grilling på barneskulen. Til hausten har vi 5 barnebarn i ungdomsskulen og berre veslejenta på barneskulen. Kor tida går!

1 kommentar:

Besta sa...

De er heldige som greier å gå tur. Før eg vart så plaga gikk vi turar på alle skogsvegar som var. EG har også vore på Sagesetra den tid vi hadde ein rektor med hytte på Bakkesetra. Margrete og fam. er der ofte, særleg på ski. Ja, ungane veks til; denne hausten skal Eivind begynne på skulen, men så har vi to i barnehagealder også, heldigvis.