søndag 1. juni 2008

Sommar

Verandakasser med stemorsblomster og blomkarse (tips frå Olaug).

Rododendrobusk som endeleg ser ut til å ville vekse og utvikle seg.
Vårblomar etter bestemor Hilda. Nokon som veit kva dei heiter? Hadde også valmuer, men dei har dessverre ikkje kome igjen siste åra.

Etter nokre dagar med god temperatur og sol, vakna vi i dag til ein grå, regntung morgon. Trøysta er at det skal bli betre på ettermiddagen. Eg tok meg ein liten morgontur i hagen med fotoapparatet. Beklager kvaliteten på bilda. Fotballturnering på Hauane i dag for Kristine. Magnus og Bjørnar er på fotballtur med laget sitt til Sogndal m/overnatting. Heimekamp på Fosshaugane i dag - der dei visstnok skal få vere ballgutar! I går var det veteran-dag på Hildegard - både gamle-jeepen og Vauxhallen til Eidabesten var på jomfrutur for sesongen. Besten køyrde Vauxhallen ein tur opp i Stigedalen og S.I. køyrde veteran-jeepen til Os-vika, Plassen, Golvsengane m.v. Dei to minste fekk vere med på noko av moroa.

7 kommentarer:

Elin sa...

Hm, var det regntungt i dag tidleg? Jaja, eg vakna på Os, men kanskje ikkje så tidleg, og eg merka ikkje at det regna. Er ikkje blomsten ein type stor liljekonvall?
Nydeleg dag på hytta i dag, no er "alt" klart...

solveig sa...

I dag gjekk eg forbi ein hage med ei slik staude. Det minte meg på at eg skulle finne namnet i "Oldemors stauder". Elin har rett. Det er ein stor liljekonvall, nemleg storekonvall. Så lærte eg noko nytt i dag og.

Besta sa...

Dette spørsmålet har eg svart på for lenge sida, men kvar har eg plassert svaret??? Det er heilt riktig Storkonvall, naboane våre har slike, men eg likar best den vesle varianten- liljekonvall. Det er fint at folk tek vare på dei gamle sortane, sjølv har vi tigga til oss ein Alant av naboen, den er svært sjelden. Liknar på solsikker,men er mindre.

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Takkar for tilbakemeldingar. Når desse konvallane er avblomstra, kjem det store gule liljer bakom.
Dette "bedet" har eg ikkje gjort noko med sidan Hilda si tid. Står ved husveggen under altanen mot nord. Der står også ei spirea-busk som er frå Hilda si tid. Den berre klypper vi rundt slik at den ikkje skal bli for stor. Grei "hekk" mot vegen. Det gamle syrin-lysthuset vart fjerna for mange år sidan då vi bygde altan til 1. etg. Trur vi må prøve å få til ei syrinbusk igjen, der er "avleggarar" nede ved gjerdet. Eidabesta

Hildegard sa...

Enig i at dei små liljekonvallane er finaste. I Torvika var der ein liten skog nedom huset, der det no er fotballbane. Der var fullt av liljekonvall - folk kom for å plukke når dei skulle pynte til fest m.v. Hugsar at vi jentene prøvde å lage parfyme av plantane.
Dette var altså på 50-talet!
Eidabesta

Besta sa...

Både valmuane og dei gule liljene har vi "avleggerar"av-liljene er så vidt begynt å blomstre.Syrin har vi hatt, men dei står så kort tid at det vart til at vi fjerna dei.Hugsar godt syrinlysthuset på Hildegard !Der var skyggefult og svalt når vi vart for varme. Bestefar brukte somme år å klippe syrinane ganske langt tilbake, så det fekk vekse opp nye skudd. Synd ein ikkje har meir bilde frå"gamle dagar".