onsdag 2. april 2008

Vår

I går og i dag har vi hatt nydeleg ver, sterk kontrast til sist eg skreiv i bloggen. Gjekk tur med mor på Eldretunet i går - ho likar godt å kome seg ut når det er fint ver. I dag hadde eg "fri-ettermiddag", sat ute og las ferdig ei bok eg fekk låne av Lappetausa, "Sommer 2005" av Tove Nilsen, lett og god bok, har ikkje lese noko av henne tidlegare, men ser at ho har skrive mange bøker. I morgen blir det truleg sommardekk og litt hagearbeid viss gubben vil. Han er så smått byrja på eit måleri igjen, og det er nok ikkje lenge til det blir fersk fisk i huset no når det blir varmare i veret. Eg har jobba ein del med scanning av gamle fotografi av både mi og gubben si familie. Legg ved eit artig bilde av Ørsta-besta, Synnøve, Toralf og Alfred for nokre 10-år sidan.
Har lurt på om eg skal sende det til Fjordabladet under "Gamle fotografi"?

7 kommentarer:

Besta sa...

Dette bildet er teke på trappa til sjukehuset sommaren 1956 då eg hadde sommarjobb på kjøkenet. Ein dag kom Toralf Maurstad til sjukehuset med broten arm, det var faren som følgde han.Vi var tre jenter som manna oss opp og spurde om å få ta bilde av dei:Tutta, Synna og eg. Eg hugsar best at eg sat og såg ned på dei blå turnskorne til Toralf.

Besta sa...

PS:
Du må gjerne sende det til Fjordabladet for min del, viss du trur det er interesse for det.

ELIN - "The quilt maiden" sa...

For eit artig bilde!

solveig sa...

Kjekt å sjå gamle bilde. Eg har utfordra mamma til å fortelje litt frå "då ho var lita". Kjekt for både born og borneborn! Dei veks opp i ei heilt anna tid!

Besta sa...

Eg hadde skrive ned nesten alt eg hugsa frå dei 13 første åra av livet mitt. Denne historia ligg på ein defekt harddisk på Kongsberg.Printa ut ein del av det, men meininga var å bearbeide denne råkladden til eit lesbart dokument.

STRIKKEMOR(O) sa...

Artig bilde, dette må i avisa!

Anonym sa...

Bildet kom i Fjordabladet laurdag 12. april.
Eidabesta