tirsdag 22. april 2008

Heimekos


Gubben og eg hadde ei fin helg på hytta og fekk "lade batteria", første turen i år. Herleg å kunne sitje ute i fineveret og sjå ut mot fyret og havet, strikke, lese, slumre og berre dovne seg. Eg har hatt ei litt trasig forkjøling, så eg gjekk glipp av noko av fineveret vi har hatt tidlegare. I dag (byrja i går kveld) har lisjejenta hatt spysykja og måtte vere heime frå skulen. Har vore hjå oss i dag, far har nattevakter og mor jobbar dagvakter. Kom seg utover dagen, fekk "Amanda spesial" - Solo og fine rundstykker. Det vart bakedag på meg, 3 stk Ingers grovbrød og 36 kanel-snurrar.

2 kommentarer:

solveig sa...

Gratulerer så mykje med dagen!

Anonym sa...

Tusen takk for helsinga. Kanel-snurrane forsvant som "dugg for solen" i dag. Kjekt å bake til ungdomen, dei toler litt meir enn vi pensjonistane som legg på oss berre vi ser på ei kake!
Hels familien.
Eidabesta.