onsdag 9. april 2008

Barnehagedagen


I går var det årets barnehagedag. I Henning sin barnehage hadde dei invitert alle besteforeldra, evnt. foreldre, tanter/onklar til eit koseleg føremiddags-treff. Farmor og mormor møtte opp kl 10.30 og var der i 2 timar. Vesleguten tykte det var stas. Først var det litt forming, puslespel m.v. , deretter fortalde avd. leiaren om kva dei gjorde om dagane og borna song og spela teater (geitekillingen som kunne telle til 10). Etterpå åt vi lunsj i lag med borna, grovbrød m/pålegg, melk og kaffi. Ungane smør på maten sjølve til lunsj, det blir ei rolegare matøkt på den måten, vart det sagt. Veldig triveleg stund. På bilda er det farmor og Henning som klarer eit komplisert puslespel perfekt etter litt hjelp av bh.ass.

3 kommentarer:

ELIN - "The quilt maiden" sa...

Kor heldig Henning er som har både ei farmor og ei mormor som kan stille opp. Dette ser veldig koseleg ut!

Besta sa...

Dette såg veldig kjekt ut. Ja, Henning er heldig som har oppegåande besteforeldre som kan stille opp.Og så er det fint at barnehagane har slike arrangement.
Og besteforeldra er sikkert glade for den skjønne guten!

Anonym sa...

Koselege bilder av Henning og besta i det gule huset, som han kallar henne! Hilde