søndag 10. april 2011

Kvivsvegen frå Nordfjord-sida

I vinter har vi for det meste brukt den 16 år gamle 4x4 jeepen til småkøyring på glatte og skada vegar i sentrum. Strekninga har hovedsakleg vore Os-skuleområdet-Golvsengane- Alleen. Når vi køyrer litt lengre turar, er det kjekt å bruke den nye bilen. I dag gjekk turen til Hornindal for å gjere oss kjende med Kvivsvegen frå Nordfjord-sida. Stoppa ved Svor-museet og tok litt bilder. Vårleg og fint på Grodås og vatnet var isfritt:



Vi køyrde vegen på vest-sida av elva mot Gausemel og der kunne ein sjå i tunnellen. Der var arbeid på gang og adgang forbudt. Mykje anleggarbeid ved riksvegen opp gjennom dalen for å knyte gamal og ny veg saman. Det blir nok ei stund endå før det blir ny veg opp dalen mot Hellessylt/Stranda:

1 kommentar:

Besta sa...

Før helga kunne vi lese i avisa her at det no var hol gjennom Kviven. Det er utrulig kor fort det går med dei nye vegprosjekta. Spørsmålet er om dei har prioritert nye vegprosjekt framfor å halde i orden dei gamle vegane.To slike vintrar som vi har hatt på rad, har gått hardt utover vegane.Ei mengd med trailerar med piggdekk på salta og berre vegar er ikkje spøk. For oss og for dokke betyr ikkje Kvivsvegen så veldig mykje. VI sparer ei ferje om vi køyrer austover, men ikkje så mykje tid.