lørdag 27. november 2010

Gardeball og LysVaken på laurdags-kvelden

Mykje som skjer i dag. Audny, Hilde og Ingrid er på julehandel og besøk hos Kristoffer i Ålesund. Han les til eksamen. Hans Petter skal dimme på 20-års dagen sin i desember. Denne veka har dei hatt vinter-øving ute i kulden, så verneplikta starta og slutta i sterk kulde for han. Hans toler nok godt kulden, er typen som går i shorts mesteparten av året når han er heime. I kveld er det gardeball på Oslo Plaza, det blir vel eit minne for livet, vil eg tru. I morgon er det 1. søndag i advent. Kristine skal saman med andre 5. klassingar overnatte i kyrkja i natt. LysVaken er ei feiring av kyrkja sitt nyttår.

3 kommentarer:

Besta sa...

Tenk at Hans Petter alt er ferdig med verneplikta, tida går fort.Trur den går aller fortast for oss som er pensjonistar?
Lys vaken- har dei også i kyrkja her, i tillegg er det all verdens konsertar og tilstellingar rundt omkring. Vi trivst best med å vere heime, men neste laurdag skal vi på ballettshow. Det er berre dei to jentene til Margrete som er med no. Kva tid trur du eg kan få hente lefser?. Vi må no ha oss ein tur før jul.

Hildegard sa...

Kom når det passar for dykk. Dei ligg i frysaren her.

Elin sa...

Fint bilete profilbilete!