tirsdag 23. november 2010

Lester og krim

Det har vore lite både strikking og lesing i år, veit sant å seie ikkje kva eg har brukt tida til...
No er eg endeleg ferdig med to lestepar. Det til venstre er til Kristine, strikka av Järbo-garn mellanraggi, som ho sjølv plukka ut i strikkebutikk i Måløy i sommar. Strikkemor hugsar vel den turen? Det til høgre er nattsokkar til meg sjølv, strikka av restegarn, truleg Silje. Har også kosa meg med krim-cd "Dragen" av Tom Kristensen, som var så spanande at eg berre måtte bli ferdig.

2 kommentarer:

Besta sa...

Lydbok og strikketøy er ein suveren kombinasjon. Sidan eg har vore relativt bra ei stund, har eg no 6 lestepar i jule-lageret mitt.Men så overdreiv eg litt og må ta ein liten pause. Fine lestar du har strikka.

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine sokkar!
Hugsar godt den kjekke turen til Måløy, ja!