søndag 22. august 2010

Regntung søndag

f Stor overgang frå 24 varmegrader siste dagane til 14 i dag. Lurte på å fyre i omnen, men så fekk vi kaffi-invitasjon frå Hilde til hytta i Jektehola. Oddvar fungerar som ein av "vaktmeisterane" i området for Plassens Venner. Han hadde fyrt i grua, så det var varmt og godt. Der er mura ein bakaromn ved sida av den store grua som dei steiker brød i. Ute er det murt grillar og laga koseleg til. Området er mykje brukt i sommarhalvåret. Om våren er det basar i Valhall til inntekt for Plassens Venner.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, det har vore ein trøtt dag, veit ikkje kor ange gonger eg har somna med lydboka mi. Den hytta i Jektehola høyrest jammen koselig ut.Kjekt at nokon finn på noko slike grå dagar. Nils fyrte faktisk litt i omnen i dag tidlig.

Elin sa...

Dette høyrest veldig kjekt ut. Kva med ei samling der ein steikjer brød?