tirsdag 1. juni 2010



Sist søndag gjekk vi tur gjennom Malakoff på veg bort til Os. Området mellom Valhall og hotellet er no rydda opp og sådd plen. Fløyen til høgre på hotellet er ny. Selskapslokale/kurs- og konferanse-salar i 2. etg. (vi var der i konf. til Ingrid og Lars i fjor). Kjellaretg. er nettopp ferdig. Der er trimrom, massasjerom, symjebasseng, spa etc. + fint beplanta uteareale. Eg gløymde å ta bilde av "Sørgende mor". Det var så fint pynta ved statua med vakre blomar. Eit fint og nært turområde for oss som bur i flata.

3 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt at du legg bilde frå Eid ut på bloggen, så får vi sjå korleis all ting endrar seg.Når vi er der borte er det ikkje så ofte vi ser oss omkring. Før gikk eg ofte tur i Malakoff, og det er fint at det står så mykje "friareal" att.Du veit at vi budde i dette området i fem år i vår barndom!

Hildegard sa...

Ja, Svein mimrar kvar gong vi går i området. Slik eg skjønar, hadde de nokre fine år der borte.

Besta sa...

Vi budde der frå eg var 8-13 år. Dei beste åra i barndommen.Sentralt og mange venner på alle kantar, og mykje å finne på i det spennande nærmiljøet, Malakoff ,Øyane etc.