onsdag 17. februar 2010

Første soldagen

17. februar kvart år tittar sola over fjellkammen ned Os-gjølet til oss. Det skjedde også i år - og vi var heldige at det var delvis skyfri himmel. Bildet er tatt frå verandaen i 2. etg. kl 14.20. Har funne ut at eg kan setje minnebrikka frå fotoapparatet rett inn i PC-en min og at det ligg program for redigering bilde lett tilgjengelig på maskina - stadig nye oppdagingar! Fiskemiddag i dag med heste-jentene - torsk og ørretfilet. Kjekt så lenge dei vil kome her ein dag i veka og ete fisk. Eldstejenta er byrja med "trafikal undervisning", så etter å ha kvilt middag gjekk ho rett på det - og så er det vel hest før lekser m.m. Masse prøver har dei også, så det er ikkje noko slaraffenliv. Konfirmanten hoppa over middagskvilda og skunda seg ned til Viktor som skulle ha seg ein luftetur. No skal besten snart på veteran-møte og eg får vel ta meg ein trimtur. Mykje data og nærradio i dag, konf. facebook.

2 kommentarer:

Besta sa...

Då har de to mnd. mindre med sol enn vi, ein mnd. før og ein etter jul. Det merkast slike år som i år.Vi har mykje varme av sola innomhus, ho er her frå ca 1/2 10 til ca klokka 5 no.Eg kom meg ikkje ut med sparken før sola hadde gått ned, men det var eit fabelaktig føre!

Besta sa...

Sidan du og eg har same slags laptop, er det samme systemet når det gjeld bilde på mi maskin. Det var lurt å ta maskina med til Kongsberg, så fekk eg lære litt både om det eine og det andre. Bilderedigeringsprogrammet på gamlemaskina er knytta til scanner/printeren, så det får eg ikkje brukt.....