onsdag 17. februar 2010

Frå Opera- til Kyrkje-konsert


I desse OL-tider kan det vere godt å kome seg ut av huset. Det ser ut til at NRK har gløymt at det er sjåarar som ikkje er så interessert i sport, og at dei burde flytta sporten til NRK2 eller ein annan eigen sportskanal - gjerne døgnet rundt for min del. Nok om det - siste veka har det vore kor-veke i Eid, først Requiem i Operaen fredag og i går kveld Exeter Domkirkekor i Eid kyrkje. Det er berre fantastisk å sjå og høyre så unge jenter og gutar i samstemd song med vaksne mannsstemmer. Tidlegare var dette berre eit manns- og gutekor, jentekoret var starta i 1994. Privat innkvartering, både Signe og Rasmus hadde engelske overnattings-gjestar.

2 kommentarer:

Besta sa...

Det som er bra med OL, har eg funne ut, er at vi som ikkje er interessert, kan få gjort noko anna. Eg fekk t.d. endelig lese ut boka til Øystein. Her er også mange konsertar og mykje å gå på, men det BLIR berre ikkje med oss. Akkurat no er eg dessutan inne i ei dårlig periode med verking.Det er fint at du får med deg så mange konsertar no når de har godt tilbod på Eid, med operahus og det heile.

Hildegard sa...

Ofte slik at det hopar seg opp - er vel litt ekstra no etter jul. Eg har behov for å kome meg ut litt - har gått "glipp" av mange ting siste 4-5 åra på grunn av omsorg og barnepass, sjølvsagt kjekt det også. Har vore pensjonist i 4 år no, men har måtta valgt vekk mange ting.
Eidabesta