mandag 11. mai 2009

Vår-tur over fjellet


Laurdag var vi på Oslo-tur. Fekk oppleve byen i strålande fint ver. Sjølvsagt var det Operahuset i Bjørvika som stod høgst på ønskjelista mi, så no har eg vore på taket. Besten var på Ekeberg-sletta på marknad i lag med veteran-venner og hadde ein fin dag der. Han var også på to garasje-besøk hjå kjende i Asker frå Englands-turane våre. Vi budde hjå Frode og Kari i lag med Per som var "privatsjåfør". Køyrde over Gol nedover og Fagernes heim att. Fint over fjellet. Ei koseleg helg.

5 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at de hadde fint ver på turen! Filmen med Julia Roberts kjem ikkje ut før i 2010, trur eg. Heiter kanskje "The friday night knitting club".

Elin sa...

Så no har du debutert på taket, gratulerer! Kanskje får eg også kome dit når eg likevel skal på Madonna-konsert i juli.

solveig sa...

Det ser ut som de har hatt fint ver. Det er eit lite poeng på taket!

Hildegard sa...

Er litt stolt av operabildet, brukbart sjølv om det var tatt med mobilen. Besten hadde kameraet med seg på marknaden. Karane var oppe kl 6 og var på Ekeberg-sletta før åtte for å få med seg "godbitane".
Eidabesta

Besta sa...

Velkomne heim frå Østen. Vi planlegger tur til Kongsberg neste veke, så får vi sjå om vi kjem oss av garde. Vi kjørte forbi Operahuset sist haust utan å stoppe....