onsdag 25. mars 2009

Rikard 95 år

Rikard og niesa Ellen Marie, dotter til Eldbjørg, på Hildegard.

Barnedåpen til Reidun i 1947 på Hildegard: Ellen, Hilda, Amanda, Else, Eivind, Rikard, Storm.

I dag fyller Rikard 95 år. Han er onkel til Olaug og Svein og vaks opp på Hildegard, foreldre Hilda og Eivind Os. Han hadde 3 syskjen, Storm, Eldbjørg og Ellen. Rikard har budd i Oslo heile sitt vaksne liv, no på Nordstrand, steller seg sjølv, går til butikken og handlar m.v. Kona, Else, døde for eit par år sidan etter nokre år på pleieheim i nærleiken. Rikard vitja henne kvar dag medan ho var der. Mor til Rikard vart også over 90 år. Begge dei gamle budde i 1. etg. då vi flytta inn i 2. etg. på Hildegard i 1965 på min 20 års dag. Audny var knapt ein månad då og det var stor stas å få eiga leiligheit.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Koseleg innlegg om "gamle dagar" - og koselege bilete, framfor alt!

Besta sa...

Hugsar då bilda vart tekne, men det er også alt eg hugsar frå denne dagen.Onkel Rikard har alltid vore oppteken av å halde seg i form, og det ser ut som om han har tent på det.

solveig sa...

Artig bilde: Eg kan ikkje hugse å ha sett det før. Eg synest mamma og du må halde fram å legge ut bilde og fortelje om "gamle dagar". Det er viktig å ta vare på historiene.
Eg hugsar Rikard berre så vidt. Else las eventyr til Margrete ein gon då mormor budde oppe ved sjukehuset. Det er rart at det er sånne små ting ein hugsar.

Besta sa...

Det var ikkje Else, men Ellen,systra til pappa. Ho var gift med Arnfinn og budde i Innvik.Ho var veldig flink å lese og deklamere etc.Trur ikkje du kan hugse Else?