lørdag 28. mars 2009

Gratulerer Olaug

Fire generasjonar jenter:
Oldemor Marie, bestemor Amanda, mor Olaug og vesle Solveig i 1963.

Olaug i Innvik - truleg under krigen.

I dag har mi kjære svigerinne bursdag. Eg vart kjend med henne sommaren 1963. Då var ho nettopp blitt mor for første gong. Mange gode minner. Skal ikkje røpe alderen, men dei som les bloggen hennar, merkar nok at ho er ung til sinns. Vi gled oss til å besøkje henne i dag.

2 kommentarer:

Lappetausa sa...

Fine bilete. Det nederste minner meg om ei lita tikse vi kjenner.

Besta sa...

Takk for helsinga! Kan opplyse om at bildet frå Innvik er frå sommaren 1946.Då var eg 6 år.Eg kan hugse at eg skapte meg heilt umulig under fotograferinga, slik at eg vart kraftig irettesett. Ser de ikkje at eg ser litt angrande ut på bildet?