lørdag 21. mars 2009

Mormor Bella

Bilde: Ragnhild, Bella, Astrid på Smia.

I dag er bursdagen til mi mormor, Bella Olufine Hanebrekke, f. Almklov i 1890 d. 1982. Ho vart 92 år og siste 10-12 åra av sitt liv budde ho hjå mi mor i Torvik (Smia). Ho var åndsfrisk til det siste. Morfar, Peder f. 1882, døde i 1966. Foreldra hans kom frå Åsebø i Heggjabygda og kjøpte seg gard i Remmedalen. Bella var jorda-jente i Almkloven, men garden i R. var meir lettdriven, så det vart til at garden i A. vart seld og dei overtok Slettebøen i R. Far til Bella, Laurits, bodde hjå henne siste åra av sitt liv. Bella og Peder hadde 4 born, Ola, Ragnhild, Astrid og Leif. No er det berre mi mor, Astrid, som lever igjen. Ho er i sitt 90-ande år og bur på Eid Eldretun.
Eidabesta

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg hugsar Bella godt. Ein gong var ho med Astrid, Kåre og mamma hit opp.Det var ein augustdag og det var drepande varmt.Eg tenkjer også på alle gongane vi besøkte Astrid og Kåre på Smia. Det er ein fantastisk plass, særleg om sommaren.Skulle ønske eg kunne fått bu så nær sjøen!

Hildegard sa...

Ja mor og far kunne kunsten å gjere det koseleg rundt seg utan at det var nokon luksus. Mange gode minner.
Ser at Åge Aleksandersen har bursdag i dag også.
Den 25. fyller onkel Rikard 95 år, så "dagane" står i kø framover!
Eidabesta