tirsdag 31. mars 2009

Gratulerer LilleMø!

Gratulerer eldstejenta med 44-årsdagen i dag! Dessverre er ho bortreist på dagen - har studiedagar på NLH ÅS denne veka - tidlegare studiestaden hennar for over 20 år sidan. Kristoffer, den førstefødde, fyller 21 år den 14. april, så det blir vel fellesfeiring i påska, kanskje?
Eg har scanna ein del gamle bilder i vinter og fann bl.a. dette av Hilde, Solveig og Audny. Kanskje Olaug hugsar noko om kor tid det vart tatt? På gardinene å døme er det på Hildegard. Brillene til Audny er heilt "up to date", såg på God morgen Norge i dag kva som er moderne i år! Og kva med gensaren til Strikkemor, har ho strikka den sjølv?

3 kommentarer:

arieldog sa...

Gratulerer så mykje frå oss også! Og det var eit koseleg bilete!

solveig sa...

Eg meiner at eg gjekk siste året på ungdomsskulen. Genseren eg har på meg, kjøpte eg for mi første løn i -78. Den kosta 160 kroner og timeløna for ein ungdom på butikk var 20.

LilleMø sa...

Det var ikkje det mest flatterande bilet eg har sett (av meg altså), men takk for helsinga. Har følelsen av at eg hugsar når bildet vart teke...og at det ikkje er lenge sidan...