torsdag 1. januar 2009

Gratulerer Magnus og godt nytt år til alle!

I dag er Magnus 14 år, ein vakker ung mann, glad i å spele fotball.
Heilt utruleg kor tida har gått, tykkjer ikkje det er lenge sidan vi feira nyttårskvelden her hjå oss. Vi skjøna vel at noko var på gang, for dei to eldre brødrene overnatta her hjå oss, og om
morgonen var gut nr. 3 komen til verda.
Det har vore ein innhaldsrik desember mnd. med mykje sosialt samvær.
Det starta med 60-års dagen den 6. til svigerinna mi på Stårheim med stort selskap, bursdagsfeiring for Roger den 7. og HP på Os den 17., middag på hotellet med Signe og Kåre, julekveld hjå Audny, bryllaupsfest for SK og M på Stårheim, kalkunmiddag hjå SI, minestronesuppe-party hjå Audny, nyttårsmiddag hjå oss +++.
Nyttårskvelden feira vi stille og roleg heime saman med hunden, Viktor, mens dei unge feira bursdagen til Magnus og overgang til nytt år i Kvernhusvegen.

2 kommentarer:

Elin sa...

Godt nytt år! Takk for alt koseleg sosialt samver i det gamle året!
Gratulerer med barnebarnet som har gjebus i dag!

Besta sa...

Vi hadde ein aktiv desembermånad vi også, men kjem ikkje opp mot slik som de har hatt det.
Gratuerer med barnebarnet!
VI har enda eit nyttårsbarn i slekta, vesle Maja som er eitt år i dag.Det er oldebarnet til Anne-Marie.
Godt nyttår til alle!