tirsdag 13. januar 2009

20. dag jul


Frå gamalt av vart det sagt noko slikt som: "20 dag jul jagar Knut ut", så i dag (eller i morgon...?) må eg vel pakke vekk juletreet. Det er eit lite plast-tre på 160 cm, men det gjer god nytte for seg, slepp allergi og dryssing av nåler. Stor kontrast til då eg var yngre og tykte at juletreet måtte gå heilt i taket. Av ein eller annan grunn har eg hatt ein viss motvilje mot å "pakke ned jula" i år, tykte jula gjekk så fort, trur det må vere alderen. Ute har det regna i fleire dagar, etter eit lite snøfall i forrige veke. Utriveleg å vere ute, men ein slepp glatte vegar.

5 kommentarer:

arieldog sa...

Har du merka at julekakene begynner å smake godt att? Eller er det annleis for oss som framleis er i fullt arbeid?

Besta sa...

Ja, eg kjenner godt det gamle "ordtaket"-men hos oss har vi full jul enno.Etter å ha hatt berre eit bitte lite plasttre i fleire år, kom N. sist jul heim med eit aldeles nydelig ekte juletre, som knapt har mist ei nål enno. Eg vurderer å ta av pynten, men beholde lysa og ha det ei stund til. Ein gong hadde vi juletre langt ut i februar til det fekk lange nye skudd.Kakene eg laga til jul, er framleis i frysaren.

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg googla dette med Knut og jula, og las at Knut er dansk katolsk helgen. Den 13. jan. er Knut den Heilage sin minnedag, eller var det i gamle dagar. No blir 10. juli, som var dødsdagen hans rekna som minnedag. Ein kan visst sjå "dei jordiske restar" av han i Odense Domkirke. Difor har vi altså utrykket : "20. dags Knut ryddar jula ut ". Ganske interessant.....

Hildegard sa...

Interessant, uttrykket skriv seg vel frå dansketida då. Det vesle eg laga av julebakst er vekk, men eg fekk nydelege sirupssnippar m.m. på Eldretunet i dag til ein kopp kaffi. Dei hadde feira 20. dag med pinnekjøtt, fortalde dei.
Eidabesta

solveig sa...

Det gjeld å ha grunnar til å feire! Vi har ete opp alt pinnekjøtet. Hos foreldra til Øystein fekk vi "julemiddag" i påska. Då smakar det også godt!...