torsdag 21. februar 2008

Strikkeprosjekt

I går vart eg heilt ferdig med monteringa av Fana-gensaren til Kristine. Det var Strikkemor som tok ut mønster og tråd for eit par mnd. sidan, Brun og rosa pt5 SPORT. Eg var ivrig å strikke nokre dagar mens eg lytta til "Bakom synger skogene" lydbok i 3 bind, men så kom eg i manko på brun tråd, måtte til Ørsta for å få rette sorten, så prosjektet tok litt lengre tid enn eg hadde trudd. Det er mange år sidan eg har strikka ein gensar - og monteringa var ein heil jobb også, men no er han endeleg ferdig og den er å vekse i - og godt er det, for lisjejenta har strakt seg mykje i vinter. Tenkte gensaren skulle halde ein sesong til!

3 kommentarer:

Besta sa...

Gratulerer med fullført prosjekt. Genseren vart kjempefin. Eg er så glad i dei gamle,klassiske mønstra.Men eg monterer ikkje sjølv; brukar å gjere genserane heilt ferdige og så set ho i ermar til slutt.Det plar funke bra. For tida har eg "strikkeforbud" det var skulddra som rauk igjen.

Besta sa...

Det var ei setning som fall ut. Det er Solveig som monterer.

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med fullført gensar!