onsdag 13. februar 2008

Sildedag






I går kveld, etter at eg hadde vore på besøk hjå mor på Eldretunet, kom ein tidlegare kollega av far i huset med fersk sild frå ein annan kollega i Vågsvåg. Eg måtte berre leggje alt anna til side og byrja å renske sild. Som kjent er besten framleis handicappa i høgre armen etter ei skade.
Litt sild vart putta i frysen til line-agn. I dag har eg steikt sild m/løk til middag - i tillegg til at eg har laga sildekarbonader av 2,2 kg renska sild. Brukte ei gamal oppskrift frå Breim i boka "Fjordamat", men såg at eg måtte ha i eit par egg for at dei skulle halde i hop. Kjøpte meg ny kjøkenmaskin (Kenwood) i haust, så det er berre moro når ein er komen så langt i prosessen. Det er så mykje snakk om matfag-lærarar på bloggane. Eg lærer kvar dag no som pensjonist, etter at eg i 10-15 år for det meste nytta ferdigmat/halvfabrikata som dobbeltarbeidande.
Er forresten ferdig med Fanakufta til minstejenta, i morgon blir det montering. Så følg med!

I går skada Øyvind (15) seg på fotballtrening, eit lite brot i eine stortåa. Det vart doktorbesøk i går kveld og røntgen m.v. på sj.h. i dag. For et par veker sidan tok Magnus ein finger i gymmen, same prosedyre då. Ja, det går både tid og pengar, men godt det ikkje er noko verre.

2 kommentarer:

Besta sa...

Kor kjekt å sjå deg på bloggen igjen. Du kan tru vi har snakka om sild her også! Både steikt og til sildekaker. Nils reinskar så gjerne, men det er ein ting eg ikkje likar og det er lukta som eg ikkje får ut att or huset. Men held veret seg, kan vi steike sild ute på altanen.Sildekaker har eg ikkje laga på det eg kan hugse, men det hadde vore artig og prøvd igjen. Fjordamat-boka har eg, men godt å få eit ekstra tips.Ja, så er det berre silda som manglar då!

Besta sa...

Vi har også Kenwood kjøkkenmaskin, det er vår andre. Den første kjøpte vi då Solveig var baby, og det vart ho som sleit den ut på slutten då vi kjøpte eit nummer større(Major).Til den første maskina hadde vi kjøttkvern, det har vi ikkje no.Nils brukar å male fisk på handkvern, det går fint. Ja, og så har vi foodprosessor som vi kan bruke også.Nils snakka med systra i dag. Ho hadde også laga sildekaker.