tirsdag 26. februar 2008

Frisk med fisk

Eg vart inspirert av kokke-Lise i frokost-TV Nrk1 i forrige veke. Fann oppskrift/foto på nettet under Nrk-Magasinet-Tidleg: " Sei med gulrotpurre og hint av appelsin". I dag har eg laga retten, hadde fin sei i frysen frå siste tur på hytta i 2007 då vi var innom Larsen i Kalvåg og kjøpte 5kg-kartongar med frosen torsk og sei. Eg var spesielt spent på gulrotpureen, det såg så godt ut på TV! Hadde invitert svigerson m/døtre til middag i og med at LilleMø er bortreist på meierimøte. Seibiffen med løk, potet og raspa gulrot slo godt an, men pureen var det berre kokka som tykte om. Ikkje enkelt å prøve noko nytt.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det såg nydelig ut. Sei er ein fisk som ein godt kan eksperimentere med. Vi er veldig glade i min sjølvkomponerte seibiff med løk, kvitløk og paprika.Og så kokar eg ut steikepanna med litt lettrømme og vatn til deilig saus.Enkelt og godt det også.Vi er så glade i fisk i ALLE variantar.

Elin sa...

Det er no lov å prøve seg, då! Kva er gale med pure? Og den fine fargen! Her har vi ete fisk i 3 dagar etter at DD's boyfriend kom i land. Har du smakt salta uer med steikt bacon? Ikkje dumt...

STRIKKEMOR(O) sa...

Dette såg godt ut! Eg har ikkje noko i mot å bli invitert på denne retten!

solveig sa...

Vi har hatt "fiskeval" på skulekjøkenet. Ikkje lett å vite på førehand kva som slår an. Sjølv er eg altetande og synest det er kjekt å variere. Eg tek meg av og til ein tur innom NRK-nett og ser frukostTVinnslag, men må innrømme at eg likar Wenche best.