tirsdag 19. oktober 2010
Første snøen i fjellet.
tirsdag 12. oktober 2010
Haust
Bildet av rosebuska med knuppar har eg tatt no i kveld. Ho har vakse heilt opp under rafta på garasjen og har det lunt.
Vi er byrja å lage til roterommet ute i gangen til closet room (garderobe). No har vi kle m.v. i fleire etg. og det er litt tungvint. Har overtatt nokre gode kleskåp frå 2. etg hos Audny som dei har måtta rydda ut i samband med ombygginga. Mykje arbeid å rydde etter all rivinga der nede, det blir fleire containerlass, godt det er fleire gutar i familien som har haustferie og likar å tene seg nokre kroner.
I dag har eg tatt influensavaksine, har gjort dette i mange år og har god erfaring med det.
Smykkeskrinet laga av skjell fekk eg av grandonkel Sigurd for over 50 år sidan. Han hadde ein kjenning som laga desse skrina og mange av jentene i fam. fekk kvar sitt. Fann dette no når eg rydda på roterommet. Tenkte på Ariel, som likar seg i fjøra med ungane. Å samle skjell og lage noko fint av dei, kan vere ein fin hobby.
mandag 11. oktober 2010
Haustferie med tradisjon!
søndag 10. oktober 2010
Fotball-Opera 2010
tirsdag 21. september 2010
September-tur til England
Har ikkje bilde av båtferga til England, Dana Sirena (DFDS TOR LINE). Såg meir ut som ein lastebåt med lugarar.
Kommentar:
Vi køyrde heimafrå tysdag 7. sept. i middagstider, slappa av nokre timar hos venner i Asker før vi gjekk på bussen i Drammen kl 05.00 onsdag morgon. Bilferge Larvik-Hirtshals kl 08.00, framme ca. kl 12.00. Fin båt med taxfree og god mat. Buss til Esbjerg der båten gjekk kl 18.45 mot Harwich nord for London. Ikkje taxfree på denne båten, men god mat og gode lugarar. Vi kosta på oss litt ekstra med vindus-lugar på dekk 6.
(Det går p.t. ikkje båt/ferge mellom Norge og England, noko som er heilt ubegripeleg. For nokre år sidan hadde vi to turar mellom Kristiansand og Newcastle. Då var vi i York, Whitby og "Aidensfield" og bussa ned til Sør-England.)
Vi var framme i England torsdag middag og bussa vidare til Bournemounth ved sør-kysten, framme i 5-tida på ettermiddagen torsdag. Fin tur gjennom New Forest til Westbourne. Vi vart innlosjert på små bed-and-breakfast hotell - eit kapittel for seg -, vi har hatt same hotellet 3 gonger på rad og er godt kjende med vertsskapet.
Fredag hadde vi ein fin tur til Portsmount og fekk omvisning på HMS Warrior frå 1860 - damp-segl-krigsskip og segl-/krigsskipet HMS Viktory til admiral Horatio Nelson. Vi har vore der tidlegare, stort museumsområde i hamna, "The National Museum of the Royal Navy". www.historicdockyard.co.uk.
Laurdag tok Svein og eg lokalbussen til kystbyen Pool, gjekk i butikkar, kjøpte oss middag og slappa av.
Søndag var det veteran-dag på marknaden i Beaulieu. Det er åttande gongen vi er på denne turen, så vi er godt kjende i området. Der er ein gamal landsby med eit stort slott, kyrkje- og kloster-ruiner, bil-museum, flott park med store eiketre og eit stort område med salgsboder og bilutstilling på markene rundt slottet.
Måndag var det "blåtur" for alle til Bath mot kysten i vest, vakker natur og store, fine gardsbruk. Vi tok ein guida busstur gjennom byen. Ei stor oppleving å få sjå utgravingane/dei gamle romerske bada. Forfattaren Jane Austen budde 5 år i denne byen og minnast ved eit eige Centre/Museum.
Tysdag var fridag og vi tok lokalbussen ned til Bournemounth sentrum ved sjøen. Ein fin by med ein nydeleg park og lang badestrand m/hundrevis av badehus.
Onsdag starta heimturen, same rute som framover. Torsdag overnatta vi i det gamle, ærverdige hotellet i Randers i Danmark.
Heime natt til laurdag.
mandag 6. september 2010
Kvitneset og Ishavsmuseet Brandal
fredag 3. september 2010
Kristine 10 år
Trur eg har mista litt kontrollen når det gjeld bursdagar på bloggen. I august feira Ole Kristian 22 år, Stig 20 år og Helene 15 år. I dag er det Kristine sin bursdag. Bildet er frå aug. 2001 på Biri - yngste deltakar på veteran-treffet, berre 11 mnd. Det er Kari B. som har tatt bildet. Niese, Anna Pernille, og tidlegare kollega, Liv Janne, har også bursdag i dag.
onsdag 1. september 2010
Onsdagstur

Første bildet viser utsikta mot Bakkesætra i Fladalen (Stigedalen). Den nye store hytta til Moen ruvar godt i landskapet. Hytta til Emil Os (sjef i Canal Digital) lengst borte i åssida, har fin utsikt over vatnet.
Det andre bildet viser Sagesætra. Der er ein fin liten foss og eit lite sagbruk som er restaurert. Bildet av saga er tatt for nokre år sidan, kanskje om våren i og med at elva er stor. Besten har måla dette motivet, trur eg må ta eit haustbilde også. (bilda bør forstørrast).
Kraftledninga skjemmer diverre mykje innover dalen.
Bomveg, og det går fint å køyre bil inn til Movatnet sommars tid.
søndag 29. august 2010
Søndagstur
lørdag 28. august 2010
Så godt som ferdig.
søndag 22. august 2010
Regntung søndag
f
Stor overgang frå 24 varmegrader siste dagane til 14 i dag. Lurte på å fyre i omnen, men så fekk vi kaffi-invitasjon frå Hilde til hytta i Jektehola. Oddvar fungerar som ein av "vaktmeisterane" i området for Plassens Venner. Han hadde fyrt i grua, så det var varmt og godt. Der er mura ein bakaromn ved sida av den store grua som dei steiker brød i. Ute er det murt grillar og laga koseleg til. Området er mykje brukt i sommarhalvåret. Om våren er det basar i Valhall til inntekt for Plassens Venner.
torsdag 19. august 2010
Litt av kvart
Kopi frå framsida i Fj.bl. Henning nr. 3 bak frå høgre.Mykje har skjedd siste 14 dg. Stig er reist til nytt studieår i Bergen (2dre) og Kristine har besøkt hvalpen sin i Oslo, skal hente Mira i veke 36.
Vi besteforeldra hadde ein fin tur med flyttelass til Ole og Kris til Volda og Ålesund på tysdag.
Ole skal til med 3dje studieåret v/DH i V og Kris 2dre v/Ing.h.sk. i Ål.
Yngste barnebarnet, Henning, byrjar i første klasse i år.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
