søndag 3. mai 2015

Humanistisk konfirmasjon for Kristine laurdag 2. mai 2015


Konfirmant med foreldre og fadderar, Jostein, Elin (gudmor) og Pål Gunnar (fetter). Mormor, Astrid, var også fadder den 26. nov. i 2000, men ho gjekk bort 31.12.2010.


Gudmor og grand-moster, Elin, heldt ei flott tale med gode ord og dikt for konfirmanten under middagen.


Kristine hadde utfordra pappaen sin å stille i bunad han også, så han kom i "lånte fjær" av svoger Roger.

Fire gode syskjen: Øyvind og Stig kom frå jobb og studiar i Bergen og Magnus frå militære i Troms.  
                      
Det har vore strålande mai-vêr denne helga, ei fin ramme kring den Humanistiske konfirmasjonen for 14 konfirmantar i Nordfjord, laurdag 2. mai i Operahuset Nordfjord.  Etter sermonien i operahuset var det middag og kaffi på Nordfjord Hotel.  Takk for ein fin dag!


Gruppebilde tatt av fotograf Eide ved Operahuset Nordfjord av dei 14 Humanistiske konfirmantane frå Nordfjord 2. mai 2015.

5 kommentarer:

Margrete Trovåg sa...

Fine bilete! Pappaen kledde bunad veldig godt!

Besta sa...

Gratulerer med vel overstått konfirmasjonsdag.Kjekt med det fine vêret, men sikkert smart å ha ien varm bunad.

solveig sa...

Gratulerer med barnebarnet!

STRIKKEMOR(O) sa...

Eit flott innlegg med mange fine bilde!

Elin T. Grov sa...

Det var ein kjekk dag med god stemning!