torsdag 24. juli 2014

Varmebølgje i juli


Henning og pappa på båttur ned elva og ut til Os-vika sist søndag.  Vi andre tok bil, og hadde nokre fine timar der ute med bading og kaffikos.  HP symde tur/retur til Os-vika, og såg på det som behageleg trening i sommarvarmen.
Etter eit par dagar med etterlengta regn i forrige veke, skein det opp akkurat til Malakoff Rock Festival sist fredag.  Sidan har det vore syden-varme kvar dag.  Svein fekk båten på sjøen før festivalhelga etter å ha vore på slipp for reingjering og botnsmørjing.  Det har vore fint i båthamna med yrande badeliv både ved elvebredda, utanfor moloen og i Os-vika. Folk har bada og kosa seg langs heile Strandgt./sentrumsvika.  N.eid har eit flott sentrum med kort veg til butikkar, kafêar m.m. og sjø/elv.  Måndag reiste vi på hytta og kom inn att i går kveld. Meir behageleg temperatur ved havet, men varmt der også.  Vi fekk slege plen og rydda litt på tomta i tillegg til full avslapping. Godt å kvile ut og ha det stilt og fredeleg etter festivalhelg med mykje støy og yrande folkeliv.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, det er fint alle stader når veret er så godt. Men det er frå Eid eg har dei finaste sommarminna om bading frå moloen og i Osvika. Eg skriv mykje om at eg går kledd i sid bukse, det er fordi eg må smørje både hofta og kneet med smertestillande gele, og då toler ikkje huda sol på dei stadene.I dag hadde eg tenkt å bade i tights, men så var det ikkje så varmt på badeplassen.

Besta sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.