mandag 12. mai 2014

På gamle tomter




Biltur på Panoramavegen i dag i vakkert vêr - og avstikkar opp til Robjørgane (Røberg) der Mattis Isakson (Røberg) Skåden, oldefar til Svein, var i frå.  Mange hytter i området, fint naturlandskap og vakker utsikt. Isak kom frå kystbygda Gangeskar i Selje kommune.  Det måtte ha vore litt av ein overgang å flytte opp til Øvre Røberg, lang og bratt veg opp frå Nordfjorden. Dei to husa/hyttene på bildet stod på gamle husmurar, kan det ha vore her han Mattis vaks opp?   

2 kommentarer:

Elin sa...

Veldig interessant å gå i gamle fotspor! Nydeleg utsikt.

arieldog sa...

Så vakker utsikt! Dit fekk eg lyst til å fare.