tirsdag 22. april 2014

Solnedgang ved Nesje fyrlykt 1. påskedag.




Solnedgang kl 21.30 1. påskedag:




Fiskebåt på veg inn fjorden forbi Grotlesanden:


Fin tur til hytta siste to dagane i påska, vindstille og varmt 1. påskedag, så Kristine og eg gjekk på foto-safari til "Sjåberget".  Ho har skikkeleg kamera og klikka i veg, men eg tok nokre bilder eg også med mitt vesle kamera og mobilen.  Det var litt "havgang" med flotte bølgjer/brenningar som slo mot skjæra og berget.  Det såg ut til å bli ein fin solnedgang, så vi gjekk tilbake til berget om kvelden og venta på at sola skulle gå i havet. Dei to dagane gjekk altfor fort med lesing og utekos.
Kristine spelar fotball for Eid IL og handball for Stårheim IL - litt artig det siste, i og med at både mor og farmor er ekte stårheimarar, men vi har busett oss på N.eid.

2 kommentarer:

Besta sa...

Flott å vere ved havet i påska, så sant vêret er bra. Vi var ofte i Solund i påska før i tida. Fine bilde.

Margrete Trovåg sa...

Fine bilete! Det er så vakkert ved havet, og den solnedgangen må ha vore magisk.