fredag 24. mai 2013

Fredags-tur til Torheim Gartneri





Litt kjøleg i dag, men opphaldsvêr, så vi tok turen til Torheim for å kjøpe litt plantar som var annonsert på tilbod. Mange tek turen ut der laurdag/søndag no på våren, har med seg niste og nyt utsikten og dei vakre plantane. Vi rekna med det var mindre med folk i dag og kortare ventetid. Det er alltid hyggjeleg å gjere ein handel med Jarle og Aud. http://www.torheimgartneri.no/.

2 kommentarer:

Besta sa...

Vi var der 20.juni i fjor. Då fekk vi sjå rhododendronblomstringa rett før det var for seint. Eventyrlig vakkert var det der den dagen. Har ikkje begynt å plante ute enno.må først sjå kva som lever att. Og så må ein vel planlegge litt?

Margrete Trovåg sa...

Takk for påminninga om denne perla!