torsdag 7. februar 2013

Jan/febr 2013

 


Til jul fekk eg boka til Dronning Sonja og har kosa meg med denne no i januar. Ein må berre bli imponert over hennar energi og arbeidskapasitet. Boka er også historisk lærerik med mange private bilder. Vi fekk også signert bok av Toralv Maurstad til jul. Den er også under lesing. Eg skiftar litt mellom lydbok og prenta bok, godt å kvile augene av og til.
Elles har eg lånt dei 4 lydbøkene til Nattens Brød av Falkberget på biblioteket og er nett ferdig med dei. Eg har brukt litt tid på dette prosjektet. Som ein kuriositet har eg kjøpt DVD-filmen An-Magritt frå Platekompaniet, men vil vente med å sjå den, gjekk vel som TV-serie for mange år sidan. Eg fekk anbefalt Platekompaniet av Elin ein gong, og dei kan skaffe det meste av gamle filmar etc. Tidlegare har eg lånt Duun sine 6 lydbøker om Juvikfolket. Eg blir litt lei moderne krim etc. og tykkjer det er artig å repetere dei gamle klassikarane.  No prøver eg meg på lydbøkene av Hamsun, Landstrykere. Er spent på om det vil fenge...

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har lese bøkene Nattens brød for minst 40 år sidan og har tenkt at eg skulle prøve dei som lydbok, for det er tungt å lese dei på papir. Bøkene om Juvikfolket har eg lese som lydbøker, det var greitt fordi der er så mykje dialekt. Men Duun blir aldri min favoritt. Prøvde meg på Hamsun som eg eigentlig likar godt, men likte ikkje han som las. Av gamle bøker likar eg Amalie Skram.

Elin sa...

Eg låner gjerne dei to biografiane ved høve. Har mange leseprosjekt på gong no..