torsdag 29. november 2012

November



No er Mariusen til Kristine ferdig, har brukt dagen i dag på montering, eit storarbeid berre det.  Det går ikkje så fort med meg, er redd å gjere noko feil, kjøpte tråd i byrjinga av oktober. Det var godt å vere ferdig med den før julestrida set inn.

3 kommentarer:

Elin sa...

Nydeleg genser og jente! Må innrømme at du imponerte meg der.

Besta sa...

Kjempefin genser. Gratulerer til både deg og heldige Kristine. Den tida eg dreiv og strikka, gjorde eg heilt ferdig genserane, med eitt unntak- Solveig sette i ermane. Montering er ikkje mi sterke side.

solveig sa...

Kjempefin genser! Monteringa er det verste ja, men heldigvis er plagget nesten ferdig då! Etter å ha montert eit plagg og lagt mykje arberid i det, er det freistande med rund- eller raglanfelling. Fordelen med isette ermar, er at dei vert fine på skuldrane.