torsdag 22. mars 2012

Anna Karenina av Leo Tolstoj

Lappetausa inviterte meg med på Riksteateret i operaen i går kveld. Ho kom i lag med tre kollegaer frå Gloppen. Dei hadde rabatt-billettar frå Undervisningsforbundet og eg frå Libris. Det var ei heilt spesiell framsyning, enkel, gripande og tankevekkande, heilt ulikt frå å sjå det på film. Gørild Mauseth passa godt i rollen som AK og ho hadde dyktige medskodespelarar. Eg har vore relativ aktiv på arrangement i operaen i det siste, har fått med meg Russerevyen og Les Miserables også, så eg må vel ta meg ei pause. No går vi inn i ei tid med påskeferie, konfirmasjonar, 17. mai osv - håper vi får ein fin vår som kompensasjon på ein heller våt og trasig vinter for oss som har halde ut og ikkje reist til varmare strøk.

1 kommentar:

Besta sa...

"Anna Karenina" har eg sett på film og eg har lese boka, derfor gikk eg ikkje og såg teaterstykket. Men dei som skreiv om det på FB var ikkje så overbegeistra. Her er så mange arrangement at ein kan ikkje få med seg alt. Vi proriterer Pensjonistlaget og seniorkino+ det som barnebarna er med på.
Håper på fint ver i påska, eg synest det har vore ein trasig vinte på den måten at det har vore lite sol og lys. Eg er ikkje flink å komme meg ut når det regnar.