mandag 29. august 2011

Pensjonist-tur til Kongsberg

Vakker park mellom elva og hotellet, mange statuer.

Fiskaren i fossen er ei statue.
Eit triveleg hotell


Stall K, eit flott anlegg med utandørs- og innandørs ridebane, mange stallar og flotte hestar.
Leirskule, kurs, kjøp/sal av hestar m.v.

På ein slik plass er det fint å ha mange kattar, her er den finaste vi såg:

Fabiano på plass i hestevogna, Roger er erfaren hestekar:

Farvel til Stall K:
Vel heime på hestesenteret på Nordfjordeid:

Fam. til Audny har selt hesten, Don, til K-stall i Kongsberg. Wendy er på fòr i Sykkylven og vil også bli selt. I staden har dei kjøpt seg ein 4-års valak som vi var med dei ned og henta sist helg. Vi køyrde i to bilar - vi skulle vere følgjebil om det skulle bli problem på heimvegen og Svein reservesjåfør. Vi køyrde over Sogn og hadde ein heller våt tur nedover Hallingdalen, med skodde og ein del vatn i vegbana. Dei unge køyrde til Liersenteret for å handle hesteutstyr, men vi to pensjonistane køyrde direkte til Kongsberg. Vi var alle bortom stallen og såg på hesten og sjekka at hengaren stod på plass. Don hadde hatt den nedover tidlegare i sommar. Audny hadde bestilt rom på Quality hotel ved elva i sentrum øst i Kongsberg, ein koseleg del av byen. Vi køya tidleg etter ein betre middag på Big Horn Steak House og var oppe tidleg søndag til fint vér. Etter ein god frukost gjekk turen til K-stall for å klargjere hestevogna og Fabiano, som hesten heiter. Han er ein god del større enn dei tidlegare hestane deira og skal trenast opp til dressur-riding av Ingrid. Det gjekk fint å få hesten i vogna, så vi køyrde frå Kongsberg kl 10 og var heime kl 17. Hesten stod fint i vogna, sjølv om det var ei ny erfaring for han, så vi køyrde i eitt strekk - 4 t. til ferja på Fodnes. I og med at hesten var roleg i vogna, trengde ikkje Audny avlastning med køyringa, så vi hadde ein avslappande pensjonist-tur bak hestevogna heimover. Det var ein fin tur over Gol og Hemsedal-fjellet.

torsdag 18. august 2011

Desse halvstrømpene har eg strikka på i sommar til Kristine. Det er hennar idé, veit ikkje kvar ho har tatt den ifrå. Sytalaust strikk med så lang vrangbord.

lørdag 13. august 2011

Tur til innfjorden

Resepsjon og kafé, Sande Camping i Lodalen. Ein flott campingplass.

Campingplassen i sentrum av Loen. Skålatårnet ligg opp og bak fjellet til høgre i bildet:
Søndagstur til Loen. Besøkte Stig og Renate som skal attende til Bergen og studier i morgon.
Motbakkeløpet "Skåla opp" i dag, mykje folk i Loen. Vi tok turen opp i Lodalen etter at løpet var over. Kjøpte middag på kafeen til Sande Camping, ein fin og koseleg campingplass ved Loenvatnet. Stein og Margunn var med, Kristine ville vere igjen hos S+R og småsøkena hennar.

mandag 8. august 2011

Ut mot havet

Grotlesanden laurdag
Kveld på hytta
Laurdag reiste vi ut til hytta, Kristine og Mira var med. Dei andre i fam til Stein gjekk på Skåla. Vi tok ein avstikkar til Grotlesanden, men vi såg ingen som bada. Handla på Joker-butikken på Igland/Hauge. Vi hadde brukbart ver med litt vind, så knotten var ikkje så ille. Sol tidleg på dag, tilskying på kvelden. Søndag fekk vi besøk av dei som hadde gått på Skåla og hadde ein koseleg ettermiddag. K+M vart med dei inn att om kvelden. Fint i dag også, hadde ein roleg føremiddag, jobba med litt måling og vasking før vi reiste inn att i kveldinga.

mandag 1. august 2011

Dagstur over fjellet.


Den nye Turtagrø-hytta og fjella vi ser derifrå. Her møtes vegane Lom-Turtagrø-Sogn og Årdal-Turtagrø:



På toppen av Norge og like før ein byrjar på nedturen mot Bøverdalen/Lom, Galhøgpiggen langt borte i syninga:
Vi hadde ein fin tur i vakkert ver over Sognefjellet i går. Tok Loteferja og køyrde over Skei-Fjærland-Sogndal-Luster. Vakkert i indre Sogn også. Reinsdyrsteik på Lom før vi snudde nasen vestover igjen over Strynefjellet.