mandag 29. august 2011

Pensjonist-tur til Kongsberg

Vakker park mellom elva og hotellet, mange statuer.

Fiskaren i fossen er ei statue.
Eit triveleg hotell


Stall K, eit flott anlegg med utandørs- og innandørs ridebane, mange stallar og flotte hestar.
Leirskule, kurs, kjøp/sal av hestar m.v.

På ein slik plass er det fint å ha mange kattar, her er den finaste vi såg:

Fabiano på plass i hestevogna, Roger er erfaren hestekar:

Farvel til Stall K:
Vel heime på hestesenteret på Nordfjordeid:

Fam. til Audny har selt hesten, Don, til K-stall i Kongsberg. Wendy er på fòr i Sykkylven og vil også bli selt. I staden har dei kjøpt seg ein 4-års valak som vi var med dei ned og henta sist helg. Vi køyrde i to bilar - vi skulle vere følgjebil om det skulle bli problem på heimvegen og Svein reservesjåfør. Vi køyrde over Sogn og hadde ein heller våt tur nedover Hallingdalen, med skodde og ein del vatn i vegbana. Dei unge køyrde til Liersenteret for å handle hesteutstyr, men vi to pensjonistane køyrde direkte til Kongsberg. Vi var alle bortom stallen og såg på hesten og sjekka at hengaren stod på plass. Don hadde hatt den nedover tidlegare i sommar. Audny hadde bestilt rom på Quality hotel ved elva i sentrum øst i Kongsberg, ein koseleg del av byen. Vi køya tidleg etter ein betre middag på Big Horn Steak House og var oppe tidleg søndag til fint vér. Etter ein god frukost gjekk turen til K-stall for å klargjere hestevogna og Fabiano, som hesten heiter. Han er ein god del større enn dei tidlegare hestane deira og skal trenast opp til dressur-riding av Ingrid. Det gjekk fint å få hesten i vogna, så vi køyrde frå Kongsberg kl 10 og var heime kl 17. Hesten stod fint i vogna, sjølv om det var ei ny erfaring for han, så vi køyrde i eitt strekk - 4 t. til ferja på Fodnes. I og med at hesten var roleg i vogna, trengde ikkje Audny avlastning med køyringa, så vi hadde ein avslappande pensjonist-tur bak hestevogna heimover. Det var ein fin tur over Gol og Hemsedal-fjellet.

4 kommentarer:

Besta sa...

Kjekt at turen gikk bra. Det er ein lang tur, særlig i dårlig ver.Vi plar som regel ta av til Vikersund og ikkje køyre om Hønefoss.Det hotellet var det vi også overnatta på første gongane vi var i byen. Den gongen jobba W. på biblioteket rett over gata.
Håper det går fint med hesten, og at Ingrid blir fornøgd med han.

Hildegard sa...

Vi køyrde raskaste vegen frå Gol til Hokksund, utan avstikkarar. Bildet av elva/fossen er tatt ved hotellet i Kongsberg S-øst, (Numedalslågen). http://laagdalsmuseet.no/. Mykje interessant å sjå i K, fekk lyst å ta turen ein annan gong og ha god tid.

Besta sa...

Vi har enno ikkje vore i sølvgruvene, enda så mange gonger vi har vore der. Ein koselig by, og hyggelige folk. I Kongsberg kan ein snakke med vilt frammande akkurat som på landet. Lite snobberi der i byen.

Besta sa...

Skulen der Rasmus jobbar, Tinius Olsens skole, ligg ved elva, litt lenger oppe enn første bildet, altså lenger til høgre "i bildet".