onsdag 28. desember 2011

Jul, storm/orkan/mørklegging m.v.

Om kvelden/natt til 2. juledag opplevde vi, som så mange andre på Nord-Vestlandet, ein av dei hardaste stormane i løpet av dei siste 30 åra. Hardast gjekk det ut over Sjøgata, Almenninga og Hola. Vi slapp med skrekken og uhyggja, minna frå natta til den 1. jan 1992 vart levande igjen. Den gongen såg også deler av sentrum ut som ei krigssone. Mange har vore utan straum og telefonsamband i fleire dagar. Hos oss kom lyset igjen ca kl 10.30 2. juledag, så vi var heldige.
I og med at vi måtte ha levande lys i fleire rom, og då helst ein trygg lysestake, fann eg denne langt inne i eit skåp. Dei som har levd ei stund hugsar vel kor tid denne lysestaken kom i butikkane. Eg hugsar at den vart utseld i butikkane og eg var heldig som fekk kjøpe den på Statoil til jul.
1) Er det nokon som hugsar årstalet den kom i salg?
Etter at den vart brukt i ein komi-TV-serie, vart det litt "flaut" å bruke denne lysestaken, og mange kvitta seg med den.
2) Er det nokon som hugsar kva TV-serie?

5 kommentarer:

Besta sa...

Ja, eg hugsar staken og komiserien, men årstalet kan eg ikkje hjelpe med. Berre at det er ganske mange år sidan.Trur nok Sogn og Fjordane vart hardare ramma enn vårt fylke denne gongen.Det ser i alle fall slik ut på TV.
Margrete er utan både vatn og straum, så dei har flakka rundt i jula.Dei har vatn frå eigen brønn med elektrisk pumpe.No er dei på Bjørnaset, der dei har elektrisitet.
VI var utan straum i ca 6 timar, og har ingen ting å klage over.

solveig sa...

Eg har kome fram til at eg ikkje skal bry meg om kva folk meiner om tinga mine. To femarma messinglysestakar var gode å ha - sjølv om dei ikkje var pussa til jul...

Elin sa...

Eg har absolutt ingen ide om verken lysestake eller tv-serie... Saknar spørsmål 3, kven har laga løparen, og kor mange år er det sidan?

Hildegard sa...

Løparen er laga av Lappetausa og det er 4 år eller meir sidan vi fekk den i julepresang.
Eg har trudd at det var Fleksnes som feira åleinejul med lysestaken, men er ikkje sikker...?

arieldog sa...

Trond Kirkvaag, "Dankerts jul" :) Godt nytt år til alle!