søndag 4. desember 2011

2. søndag i advent


Julebordsesongen er i full gang og overnattings-gjesten vår, Henning, vekte meg i åtte-tida, så då var det berre å stå opp til ein mørk, og vindfull søndagsmorgon. Det har kome litt snø i løpet av natta og no skiftar det mellom regn og snø. Godt å få lagt i omnen og få i gang kaffitraktaren. Vi har allereide spela 2 omgangar med ludo, og no er vesleguten på 7 år i full gang å slå Besten i sjakk. Trur det er storebror, Hans, som har lært han sjakk.
Ørsta-Besta bloggar av og til om store tre som stenger for utsikta. Her hos oss er det ikkje så mykje utsikt, men det kan vere trasig med høge tre som stenger for sola. I går var Skogryddaren hos naboen og saga ned nokre granliknande tre som hadde vakse seg altfor høge. Det vart lysare i hagen vår også, sjølv om sola for lengst er borte for vinteren.

1 kommentar:

Besta sa...

Store tre høyrer ikkje heime i små hagar, plar eg seie. Og at folk torer å ha ståande digre tre tett attmed huset slik som det blæs for tida, er meir enn eg forstår. Dessutan treng vi å få nyte dei vesle solglimta vi har på våre kantar.Når eg ser på bildet, ser eg at de faktisk er nokså innebygde. Tenkjer ikkje på det når eg er der borte.