mandag 2. mai 2011

Måndags-trim

Denne helga har mandeltreet i hagen vår slått ut i full blomst.

Vegvisar ved "Tsjernobyl". Her kan ein velje om ein vil gå opp på Fossane eller gå andre råser i området.

Dette er "Tsjernobyl", vassreservoaret ovanfor Vårsætra.

Her ser ein ned på N.eid sentrum frå Utsikten, gardstunet til "Olen" midt på bildet. Litt dis i lufta i dag så det vart ikkje så gode bilder av fjellheimen i sør. Får ta det ein annan gong.

Vi er blitt tipsa om ei fin trimløype/skogsveg som går vestover frå "Tsjernobyl" ovanfor Myklebuståsen. I dag var det høveleg ver og vi trengde å røre litt på oss etter bursdagskalaset i går hos Lise og Kjell i Stryn. Vi køyrde opp i øvre Myklebuståsen og gjekk derifrå. Det er fint å gå på grusveg og i terreng. Etter ein tøff vinter med kulde og glatte vegar er det ein fornøyelse å vere ute i skog og mark. Fin rasteplass ved Utsikten med bord og benker og trim-bok å skrive namnet sitt i. Hadde ein koseleg prat på benken med ei dame vi kjenner som også var på tur. Eit par familiebarnehagar var også på tur, men dei gjekk berre opp på Vårsætra der det er trygt og fint for ungane å leike.

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Kjekt at de kom dykk på tur! Her på Os må vi halde oss inne i dag. Ikkje så god lukt ute akkurat! Eg skal levere kaffimat både på Kyrkjetunet og på møte i L&Q-klubben i morgon, så her går det i kakebaking. Har sjølvsagt vore ein tur på hotellet og..

Besta sa...

Kjekt å sjå bilde frå Eid og høyre om fine turar i område som ikkje var kjende i gamle dagar. Då gikk vi ofte ein kjapp tur gjennom skog og mark opp til Myklebustsetra. Kirsebærtreet er fantastisk, trur det er lenger kome der enn her.