søndag 8. mai 2011

Atlanterhavsparken

Vi har besøkt Kris i Ålesund i dag. Han les til eksamen og tek seg ikkje tid å reise heim i mai. Vakkert og varmt ver i dag, så vi reiste ut på Tueneset friluftsområde. Utruleg vakkert der ute, såg bl.a. over til Kvitneset der vi var i sept. i fjor med Øystein som guide. Vi var innom Atlanterhavsparken og såg på mating av pingvinane ute og alle fiskeartane inne i bassenga. Eit flott anlegg som vi lenge har snakka om å besøkje. Etterpå var vi inn i sentrum av Ålebyen og såg på folkelivet. Det vart ikkje tid å vitje Besta i Ørsta denne gongen.

1 kommentar:

Besta sa...

Kjekt at de tok turen til Tuenestet og Ålebyen. Det hadde vore kjekt om de stakk innom her også,men det er inga plikt. Kanskje høver det betre ein annan gong?