tirsdag 26. april 2011

Nye utemøblar

Etter at vi fekk lys-tak over uteplassen vår for eit par år sidan, har det vore meininga at vi skulle fornye utemøblane. I dag kom det FK-brosjyre i posten med "kupp" på denne Oregon-gruppa - og det vart til at vi køyrde bort og kjøpte den. Så no er det berre å kome på kaffe-besøk. Dei gamle tremøblande skal vi ta ut på hytta. Der høver det godt med tunge impregnerte møblar som kan stå ute i vér og vind.

3 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med nye møblar! Håpar å prøve dei snart. Rart med første påska utan å vere utom fjella.

STRIKKEMOR(O) sa...

Gratulerer med nye fine utemøblar!

Besta sa...

Flotte utemøblar! Slikt kan gå an når ein har "utestove" å sette dei i! Og når ein har mykje besøk, treng ein dei.Slit med helsa!