lørdag 19. februar 2011

Laurdag med sol


I dag var det endeleg blå himmel slik at vi fekk nyte sola inn i stova ei lita stund. Tok eit par bilder frå 2. etg. , mot sør-vest og mot nord. Roleg laurdag med besøk av m.a. Hilde og Henning som ikkje har fått sola endå. Besteforeldra på Os er i Australia hos eldste sonen og nyt sola der. Han har budd i Sydney i over 20 år. Audny og fam er på Gran Canari, så vi passar Viktor. Helene klarte seg godt i den sjølvlaga musikalen til Ungdomsskulen, "Livet er eit spørsmålsteikn", i operahuset. Vi var der torsdag og hadde ei artig stund. Kulturskulen hadde musikken i lag med elevar frå ungd.skulen. Utruleg kva lærarar og elevar har fått til på kort tid. Det er eit fantastisk musikkliv i Eid.

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, elevane har nok ein heilt annan skulekvardag enn det vi hadde. I tilleg finst det musikkskular og korps både her og der.Det er mange fleire tilbod til barn og unge enn det var før.Musikklivet blomstrar -og det er positivt. Kjekt at de endelig har fått sola, men i år har ikkje vi hatt den så mykje heller.Var på ein liten sparktur etter at vi kom heim frå Volda.