søndag 13. februar 2011

God Morsdag!

Det har vore eit par kalde, klare dagar og då merkar vi godt at vi ikkje har fått igjen sola. Ho varmar nok luftlaget i og med at ho er her "nesten", reknar med den 17. viss det framleis er blå himmel. Kl 14.15 kom det sterk solglime inn stoveglaset frå Os-gjølet. Ved austveggen var temperaturen ca - 12 i dag tidleg og ca - 5 kl 14, så det er store variasjonar. Eg har halde meg innadørs denne veka, litt sår hals, ikkje feber, men er redd å få den kalde lufta ned i lungene. Snart er det skuleferie og då skal vi ha Viktor i pensjon mens Audny og fam er i syden. Blir vel litt trim og lufteturar på oss då, viss det ikkje er glatt, vel å merke.

2 kommentarer:

Besta sa...

Ja, akkurat denne tida er det ein stor fordel å "ha sola". Men i år er det ikkje mykje vi har sett til den.

Elin sa...

For eit fantastisk bilete du har teke!
Takk for koseleg kveld i går!