mandag 31. januar 2011

Inne-måndag

Langevatnet i Fladalen (Stigedalen). Svein sitt siste ferdige prosjekt denne vinteren 2010/11.

Henning i full konsentrasjon i dag i Alleen.

Det er blitt mange inne-dagar denne vinteren, verst no når det skiftar mellom regn og glatte vegar. Fleire i familien har hatt influensa, Henning er feberfri i dag, men litt slapp. Vi har spela sjakk, og som vanleg slo han meg galant. Elles blir det TV, DS-spel og Svarteper.
Når det gjeld servering, blir det oftast pannekaker, boller, pølse og vestlandslefse, - usunt, sjølvsagt, men noko må han få i seg, og hos mormor er det lov.
Besten har sine hobbyar så dagane blir ikkje lange. Han har måla fleire fine bilder denne vinteren, nokre frå Stigedalen. Vi tek ein del bilder sommar/haust som han brukar som motiv. Litt vanskeleg å få gode foto av måleria, bør nok fotografere før han legg på vernisasj
(glans som beskyttar fargane).

3 kommentarer:

solveig sa...

Fint måleri med sommarmotiv. Eg hugsar då vi var i Knut Hamsunds hjem i si tid. Han likte ikkje måleri vintermotiv. Han ville ikkje sjå dei om sommaren ...

arieldog sa...

Nydeleg bilete! Eg for min del håpar på nokre fotomotiv frå same område i næraste framtid, gjerne med snø og sol. Når ein har hobbyar både ute og inne, vert dagane aldri for lange. Og Mormora må berre servere usunn og god mat - det er ting som er viktigare enn ernæring, og besteforeldre må få ha det privilegiet at dei gir barnebarna noko ekstra godt. Sjølv minnest eg med glede mi eiga mormor, som alltid serverte godbitar som varm sjokolade med krem, kveitebollar og verdas beste pannekaker.

Besta sa...

Eg har alltid Nugatti i kjøleskapet, noko som vi absolutt ikkje et, men som dei fleste barnebarna set pris på - i ein periode av livet i alle fall.
Svein har måla mange veldig fine bilde. Sjølv likar eg veldig godt nokre vinterbilde som han har kopiert etter store meisterar.Men eg hugsar godt det Solveig fortel få Knut Hamsuns hjem.