lørdag 22. januar 2011

Inne-laurdag

I dag er det ikkje noko vits i å gå ut, sjøl med gode regnkle. Det er glatt og ein kan vel seie at det regnar "trollkjerringar". Audny har riktig nok vore her ein tur, men ho MÅ ut med Viktor - og ho har PIGGSKO. Ho stikk av og til innom på laurdags-lufteturen med Viktor og då har vi oss ei koseleg kaffistund.
I dag er det bursdagen til mor Astrid. Ho var Vannmann og far Kåre var Tvilling - og det skulle visst vere ein fin kombinasjon. Strikkemor- og -far har same kombinasjonen, men omvendt. Strikkefar skal snart feire 1/2 hundre år - heilt utruleg - hugsa godt då han som ung student var innom banken og fekk studielån av meg...
Vi tek det roleg slike dagar, besten driv med slektsforsking på data, kabal og måling. I vinter har han m.a. måla vakre bilder frå Fladalen (Stigedalen), må vel snart ha salsutstilling?
I går kveld var heile familien på Golvsengane og feira 18-årsdagen og sertifikatet til Øyvind. Berre Stig, som studerer i Bergen, var fråverande, men dei får vel ta det igjen seinare. Det blir nok vanskelegare å samle heile familien etter kvart som barnebarna blir vaksne.
Ingrid, som vart sparka i låret av ein hest på torsdag, kom på krykkjer. Det var ein hest til ei venninne som skapte seg galen på Hestesenteret og sparka henne og ei anna jente, heldigvis gjekk det bra med begge, ingen brot, men den andre jenta fekk hjernerystelse og låg ei natt på sjukehuset. Ikkje heilt ufarleg denne sporten heller.
Ønskjer alle ei fin helg!

3 kommentarer:

solveig sa...

Her er det rett og slett farleg å gå ut! Eg sende Øystein etter strøsand til vegen vår i dag.
God helg!

Elin sa...

Kjekt innlegg. Har laga eit minne-innlegg eg og.
Kos dokke i inneveret!

Besta sa...

Dokke får kose dokke som best de kan inne. Det skal vi gjere også.God helg.