onsdag 1. desember 2010

Ein merkedag for slektsforskarar

Bildet er av Olaus (Olsen Vasøen) Strøm og sonen Storm Wilhelm Strøm (f.1899).

I dag, 1. des. 2010, er ein lenge etterlengta dato for dei som steller med slektshistorie. No er Folketellinga-1910 open og gratis for alle (100 år fredingstid).
Besten har allereide funne utfyllande opplysningar om bestefaren sin, Olaus, som var fødd på Skedsmo 25.01.1852. Der var m.a. både hushjelp og sjukepleiar i husstanden hans på Skarnes i 1910. Olaus døde som kjent i 1911 berre 61 år gamal. Interessante opplysningar om syskjena til Olaus og borna deira er no tilgjengeleg. Dette blir spennande!
No blir det nok lettare å studere vidare på gamal slekt, så vi er i gang igjen! Kulden inspirerer ikkje akkurat til utandørs aktivitetar. Då er det fint å ha hobbyar som måling og slektsforsking.
Tradisjonen på slektsforsking har eg med meg frå faren min som ikkje hadde internett å støtte seg til. For han var det å skrive til Riksarkivet m.m., så det tok tid og ein måtte betale for kopiar etc. Kyrkjebøkene er også eit godt hjelpemiddel, men der kan det ofte vere vanskeleg å tyde skrift etc. Eg tykkjer det er ein fin hobby Besten har i dette, og vi har mange interessante samtaler og diskusjonar - og då er det fint å ha eit enkelt strikketøy mellom hendene.
Ein kjem til Digitalarkivet bl.a. via - www.arkivverket.no -.

5 kommentarer:

Besta sa...

Eg synest det er fint at Besten driv med dette, for eg har ikkje den trotten som skal til.Eg får heller prøve å klore ned noko nyare historie når eg får ånden over meg. Han er no heldig som har ein flink og datakyndig sekretær.Lykke til.

Hildegard sa...

Eg ser i Fj.bl. at det no kjem nytt Sogeskriv for Eid for 2010. Forfatterane oppmodar folk om å kome med historier frå gamle dagar. Eg vil tru at du kunne ha noko å bidra med der, både frå sjukehuset og anna. Elles hadde det også vore kjekt om du kunne mimre litt på bloggen din.

Besta sa...

Det er lettare å mimre litt av og til enn å skrive "heile historia" -for andre gong. Det eg hugsar har vel ikkje interesse for andre enn familien.

Hildegard sa...

Kanskje du skulle hatt ein eigen "mimreblogg" berre for spesielt interesserte?

Besta sa...

Veit ikkje om det er tilrådelig, for i teorien kan kven som helst komme inn på bloggane. Og ein vil vel ikkje at alt ein hugsar skal bli allemannseige?