mandag 21. juni 2010

SOMMAR


Eit typisk sommarteikn er når Besten hentar militær-jeepen, som er vinterlagra i låven hjå Strikkefar. Det har alltid vore stas for borneborna å vere med å køyre open bil. I går var det Kristine som var med på flyttelasset, ei aktiv jente som likar både å mekke og snikkere. Besten er stolt eigar av 3 jeepar, ein 1995 modell Cherokee, ein 1942 modell Willys MB og ein 1958 modell Willys Overland, som han har bygd om til stepside (tidlegare brannbil i Eid). Begge veteran-jeepane har han restaurert og hatt mykje arbeid med.

2 kommentarer:

Besta sa...

DEt er fint å ha ein hobby eller to-då slepp ein i alle fall å kjede seg! Og det å restaurere gamle ting, anten det er bilar eller anna,er til om med ein nyttig hobby.

solveig sa...

Viktig at nokon har den hobbyen!