fredag 25. juni 2010

Gratulerer med bryllaupsdagen den 27. juni!



I dag har Hilde og Oddvar 23 års bryllaupsdag. Gratulerer med dagen!
Begge døtrene våre gifta seg på prestekontoret i Prestegaren på N.eid. Fekk lyst å legge til foto av Audny og Roger som gifta seg i pinsa året etter. Dei bodde då på Ås og Kristoffer var berre 5 veker gamal.
Svein kommenterer bilda på sin måte:
På første bildet står brudeparet på gamletrappa, året etter er det ny trapp og rekkverk. Han sat ofte på den gamle trappa og prata med presten Løvold då dei bodde i paktarhuset i Prestegarden under krigen. Ottar, yngste sonen til presten, var fadder på han.
Olaug kan vel skrive meir om dette?

5 kommentarer:

Elin sa...

Gratulerer med bryllaupsdagane til Bodil og Svein og Hilde og Oddvar i dag!

arieldog sa...

For å seie det med Halvdan Sivertsen: "Det e vakkert når kjærlighet vare". Gratulerer med dagen!

Hildegard sa...

Enig med Halvdan Sivertsen, men det krev nok oftast ein del jobbing av begge partar. Etter 46 år føler eg at vi har litt erfaring - på dette området også...

Besta sa...

Gratulerer med alle bryllupsdagane. Ein dag som ikkje er med på Familiesida er bryllupsdagen til Wenche og Rasmus som gifta seg på Mauritius 14.juli 2000.
Eg veit ikkje så mykje om Løvoll-familien, men eg har ei veninne som er gift med Ottar Løvoll, fetteren til den Ottaren som var fadder på Svein.Sist eg spurde etter Ottar den eldre, var han i live og budde i Ålesund, men det er ei stund sidan.

STRIKKEMOR(O) sa...

Artig å sjå igjen desse bildene! Har ikkje tenkt over før no at trappa blei fiksa til året etter, var liksom uvesentleg då.
Bloggen er blitt fin!