onsdag 14. april 2010

Gratulasjonar i April

I dag fyller eldste barnebarnet vårt, Kristoffer, 22 år. Han vart fødd på "det gamle" Rikshospitalet i og med at pappaen jobba i Oslo og mammaen var student på LHS ÅS, der dei hadde ei lita studentleil. Det var stor stas då dei kom heim i pinsa og feira bryllaup den 21. og barnedåp den 22. mai. No er Kris student på ing.h.skulen i Ålesund. Han kjem heim til helga og då blir det vel litt feiring, vil eg tru.
Elles er det fleire i fam. min som har bursdag i april, kan nemne Berit den 1. , Idunn den 13., Frøydis den 22., - følg med på Heritage.
Trur også at 14. april er første sommardagen. Det har vore ein fin føremiddag i dag.

2 kommentarer:

Besta sa...

Også vi vil gratulere Kris med dagen!Vi var til stades på dåpsdagen hans. Sende ei helsing på Heritage, men veit ikkje om den kjem fram.Alle tre svigerinnene mine har fødselsdag i april+ Eirik som har i morgon og Wenche den 25.Så vil skal feire henne mens vi er i Kongsberg.Eirik skal vi feire når vi kjem tilbake hit. Sjølve dagen skal han feire med kameratar .Det er mange fødselsdagar i fam. denne årstida

Elin sa...

Gløymde du deg sjølv, eller???