søndag 7. mars 2010

Kunsten å ikkje gjere forskjell!

Denne helga har vi hatt den nest yngste på overnatting. Ho var innom bloggen vår og såg at vi hadde bilde av yngstemann frå turnstemnet for eit par veker sidan. Sjølvsagt tykte ho det var urettferdig at eg ikkje hadde lagt inn bilde av henne - sjølv om eg prøvde å forsvare meg med at det var bursdagsbilde av vesleguten. Rett skal vere rett - her er turnjenta!
I dag har ho hjelpt oss å passe yngstemann mens Strikkemor var på kurs. Ho likar godt å vere lærar og underviste både i norsk og matte - og 6-åringen er både lærenem og lydig!

1 kommentar:

Besta sa...

Ja, det er ei driftig og viljesterk jente du har der, trur eg.Det var Amanda, som er på samme alder, som lærte veslebroren å lese lenge før han begynte på skulen.Så kanskje det er nokre fleire lærarfrø i slekta?