tirsdag 10. november 2009

"Et dukkehjem"

I går kveld var eg så heldig å bli invitert i teater i lag med ei venninne. Det var Riksteateret som gjesta Opera-huset med Et dukkehjem av Henrik Ibsen. Stykket er modernisert ein god del frå det eg tidlegare har sett på fjernsyns-teateret. Bildet viser Nora (Ulrikke Hansen Døvigen) som dansar tarantella i ei dramatisk sene på slutten av stykket. Der var mykje folk i operaen og mange elevar frå vidaregåande - som sikkert fekk seg ei fin oppdatering i norsk-pensumet. Gripande teater og koseleg kveld.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg fekk repetert den gamle versjonen frå Fjernsynsteateret. Det ligg mykje informasjon/tolkingar også på nettet. Og det vert meir interessant dess lenger ein trenger inn i det. Ein ny versjon vert spennande!

Besta sa...

Det er sikkert kjekt å sjå nyare versjonar av Ibsen, sjølv om mange av dei gamle fjernsynsteaterversjonane var fine. Eg hugsar dansen til Lise Fjeldstad i Dukkehjemmet.
For øvrig saknar eg fjernsynsteateret!De er heldige som har det flotte opera/kulturbygget.